1380 nye kolkraftverk under bygging eller planlegging

Ny rapport hevdar kolkraftverk med ein samla kapasitet på 670 GW er under bygging eller planlegging rundt om i verda. Neste veke kjem FNs klimapanels spesialrapport om 1,5°C – som oppfølging av Parisavtalen.

Publisert: Publisert:

Torsdag publiserte tyske Urgewald og 28 andre internasjonale NGO’ar ei oppdatert liste over verdas 120 største kolkraftutbyggarar. Lista viser at 1380 nye kolkraftverk er under bygging eller planlegging i 59 land. Blir alle realisert betyr det over 670 GW i ny kolkraftkapasitet på verdsbasis. Av dette står Kina for 254 GW, India 84 GW og Japan 29 GW. I Urgewalds regionale oversikt kan ein også lese at kolkraftverk er under utvikling i 18 afrikanske land. 11 av desse har ingen kolkraftverk i dag. Ein viktig drivar mange stader er ønsket å meir gruveaktivitet. 46 av dei 120 undersøkte selskapa er også råvareprodusentar. På finansieringssida finn ein ofte statlege eksportkredittbyrå frå Kina, Japan og Sør-Korea, skriv Bloomberg. Om ein likevel skal peike på noko positivt, så er det at fjorårets gjennomgang viste meir enn 1600 nye kolkraftverk under plagging fordelt på 62 land, med samla kapasitet på over 840 GW. Årets oppdaterte Coal Plant Developers List (CPDL) finn du på www.coalexit.org/database

Les hele saken med abonnement