CO2-utsleppa vil auke også i 2018, trur IEA
IEA-sjef Fatih Birol meiner kolkraftveksten i Asia gjer det vanskeleg å nå klimamåla. Les også: Stadig fleire får tilgang på straum. Oppvarminga av havet skjer fortere enn forskarane har trudd til no.
I eit intervju med Financial Times kom IEA-sjef Fatih Birol denne veka med eit hjartesukk: Avstanden mellom vedtekne klimamål og det som skjer i energimarknaden blir stadig større. Alt tyder på at dei energirelaterte CO2-utsleppa vil auka også i 2018, slik dei gjorde i 2017. Birol peikar på kolkraftveksten i Asia som ei viktig forklaring. I fjor gjekk straumproduksjonen frå kolkraft opp 4 prosent i Kina og 13 prosent i India. Alderen på kolkraftverka i Asia er er eit anna problem. Mens kolkraftverk i USA og Europa har ein gjennomsnittsalder på 42 år – og med det nærmar seg ein naturleg «død» – er snittalderen for asiatiske kolkraftverk kun 11 år. Det betyr at dei kan vere i drift i fleire tiår til. Dette er ein av klimadebattens blindsoner, seier Birol.