Forbrukerrådet om prisgarantiar: – Ein bør vera skeptisk
– Ekstremt mykje, seier kraftanalytikar om prisen som må til for at prisgarantien til Lyse skal ha effekt. Hafslund Strøm ligg endå høgare.
Prisgarantiar skal sikra kunden at straumprisen i snitt ikkje overstig eit bestemt beløp per kilowattime når ein har ein spotprisavtale.
– Generelt bør du vera skeptisk til slike ekstratenester, om det er pristak eller straumforsikringar, då det er noko dei færraste får nytte av, er oppfordringa frå forbrukarjurist Thomas Iversen.
Men både Lyse og Hafslund Strøm hevdar at prisgarantien slo inn fleire gongar i fjor. Dei viser til at pristaket som er sett for starten av 2022, er basert på ein usikker straummarknad.
Les hele saken med abonnement
Allerede abonnent?