Fjern hindringane for nettapotek

For å etablere nettapotek i Noreg, må ein minimum ha eitt fysisk apotek. Men har det noko å seie for kundane at nettapoteket har eit fysisk apotek i Oslo når kjøparen bestiller frå Trondheim eller Kristiansand? Det er på tide å sjå på reguleringane som hindrar fleire nettapotek i å etablere seg i Noreg.

  • Kathrine Tvedt Lavik
    Kathrine Tvedt Lavik
    Seniorrådgivar og økonom i Konkurransetilsynet.
Publisert:
Dette er en kronikk
Kronikken gir uttrykk for skribentens holdning.

Betre etablerings- og vekstvilkår for nettapotek kan skape betre tenester og rimelegare legemiddel og helseprodukt for forbrukarane og vere god samfunnsøkonomi. Fleire av reguleringane i Noreg er openbart laga med tanke på fysiske apotek, noko som kan gjere det vanskelegare å etablere og skape vekst for nettapotek. Samstundes er det viktig at ein har reguleringar som sikrar best mogeleg folkehelse og hindrar feil- eller overforbruk.

Les artikler fra arkivet gratis

E24

E24

VG

VG

Finn

Finn