Risikerer 4-5 graders oppvarming sjølv om Parisavtalen vert oppfylt
Sjølv om Parisavtalens mål vert nådd, risikerer vi å utløyse irreversible prosessar i naturen som kan gi ein global temperaturauke på 4-5 gradar celsius, åtvarar klimaforskarar.
Det er ikkje berre nivået på globale klimagassutslepp som vil avgjere temperaturutviklinga framover. Det skriv Johan Røckstrøm og andre internasjonale klimaforskarar i ein artikkel publisert i tidsskriftet PNAS denne veka. Sjølv om verda skulle klare å kutte klimagassutslepp i tråd med Parisavtalen, er det ein risiko for at jorda likevel er på veg inn i ein tilstand forfattarane kallar «Hothouse Earth». Ein slik tilstand vil gi ein temperaturauke på 4-5 gradar celsius. Forklaringa er at sjølv ei «forsiktig» temperaturstiging kan utløyse irreversible prosessar i naturen som kan forsterke oppvarminga (såkalla «tipping elements»). Forskarane nemner tining av permafrost, frigjering av metan frå metanhydratar i havbotn og tap av sommar-sjøis i Arktis som døme på slike prosessar. Oversiktsartikkelen til Stockholm Resilience Centreer eit godt alternativ til deg som ikkje orkar å lese originalartikkelen. Her kan du også lese kva handling forskarane meiner er påkrevd. Denne delen av forskingsartikkelen har imidlartid blitt kritisert for å vere politisk.