Utsleppa går ned, og vi har kontroll på dei
Noreg var det tredje landet i verda som meldte inn oppjustert klimamål til FN, og Noreg har full kontroll på utsleppa frå norsk territorium. Vi styrer såleis ikkje i blinde, slik Klimapartnere hevdar i ein kronikk på E24.
- Sveinung Rotevatn (V)Klima- og miljøminister
Dette er et leserinnlegg
Innlegget gir uttrykk for skribentens holdning.I februar auka Noreg sitt klimamål for 2030 frå minst 40 prosent utsleppsreduksjon til minst 50 og opp mot 55 prosent. EU er framleis i prosessen med å forsterke sitt klimamål for 2030, noko både underteikna og statsminister Erna Solberg har oppmoda dei til ved ei rekke høve. Det er difor ikkje riktig å seie at vi kjem halsande etter EU. Kva EU sitt endelege klimamål blir, er ikkje bestemt, men eg håpar det blir så ambisiøst som mogeleg.
Les artikler fra arkivet gratis

E24

VG

Finn