Miljøtopp møtte industrien i parterapi: – Me har gått bort frå ein sluttdato for olja

Dei har stått på kvar si side i ein polarisert klimadebatt. Etter fleire terapisesjonar har dei lagt bort den konfliktfylte retorikken.

Publisert: Publisert:

Tidlegare var industri- og fagforeiningsmann Atle Tranøy det han sjølv kallar ein ivrig deltakar i ein polarisert klimadebatt.

Den siste tida har han møtt miljøtopp Anja Bakken Riise til det tankesmia Manifest har valt å kalla for parterapi.

Gjennom fleire samtalar har både han og ho endra måten dei snakkar saman på.

Som par flest, er dei ikkje blitt einige om absolutt alt i terapirommet.

Men om ein er heldig med terapien ender ein opp med nokon solide kompromiss som kan gjera forholdet meir konstruktivt.

– Står me saman, representerer me ei kraft som ein ikkje kan neglisjera, seier Tranøy.

Les hele saken med abonnement